Lyfjaberg - Wardruna
Lyrics by:Einar Selvik
Composed by:Einar Selvik
Produced by:Einar Selvik
Sal din hug og lat den ri og renna
Med blinde augo vil du vegen finna
Djupt du dreg anden inn let tankar svinna
Langsamt slepp anden fri i vinden rida
Spinn spindel tvinn i tankar kverv i syn
Seidsongen lint den lokkar hug or ham
Fram gjøno døri gjøno kongro-sløri
Fram ber med bare føt den tunge børi
Ut in ditt indre ventar bratt ein sti
Høgt der på Lyvjarnut stend møyar ni
Ved fyrste stad der stiar krossar biar du
Legg frå deg kleda alt du eige med
Der du er på veg er dei til ingen nytte
Børa letnar framom ventar tyngre veg
Ved andre stad der stiar krossar biar du
Legg frå deg tida tunge tankar med
Der du er på veg er dei til ingen nytte
Børa letnar framom ventar tyngre veg
Ved tridje stad der stiar krossar biar du
Legg frå deg reidsle legg di maske ned
Der du er på veg er dei til ingen nytte
Børa letnar framom kjem dei tyngste steg
Nakjen der på nuten kjenner berget deg
Nordre slær si ørnevengje vinden dreg
Kring deg fær kvendeskuggar dansande
Ramme runar mæl og manar yve deg
Sott og sår or marg og bein
I vær
Or kjøt og blod
Og vind
Or hold og skinn i vær og vind
Ut du svinn
Ut du svinn
Eg manar deg inn i berget blå
Korkje sol
Der korkje sol ell måne skin deg på
Ell måne skin deg på
Eg maner til skogen der ingen bur
Synk i den
Og til den sjø som ingen ror
Sjø som ingen ror
Djupt under jordfast stein til ingens mein
I elva renna
Gjønom elva renna havet venda
I havet venda
Lyvjaberg hev alltid stende
Til trøyst for sjuk og såra
Kvar og ein som berget kliv
Lækjast for livslang sott
Legg den att på Lyvjaberget
Hødgi der åar alle
Buktar støtt seg nord og nedan
Bergar den som berget maktar